Hageblåbær er kryssingar mellom fleire Nord-Amerikanske Vaccinium-arter. Dei to viktigaste er Vaccinium corymbosum, (Highbush) og Vaccinium angustifolium, (Lowbush). Buskene vert 1,2-2,0 meter høge, alt etter sort og kultur. Plantene brukar 6-9 år på å nå full produksjon.

Blomstringa startar vanlegvis i mai, og bæra modnar frå sist i juli. Bæra heng i klase og modnar eitt for eitt. I forhold til våre ville blåbær, er hageblåbær svært store. Vanleg bærvekt er 1,5-4,0 gram. Bæra er fargelause inni, noko som gjer at dei ikkje fargar av på tenner og klede. Smaken minner om vanlege blåbær, men er kanskje noko søtare.

Vi har 2 ulike typer. “Blue Crop” og “Patriot”

Beregna på salg i korg og som råstoff til videreforedling